Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Arkivloven

§ 1.Føremål.

Føremålet med denne lova er å tryggja arkiv som har monaleg kulturelt eller forskingsmessig verde eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon, slik at desse kan verta tekne vare på og gjorde tilgjengelege for ettertida.

§ 2.Definisjonar.

I denne lova vert desse omgrepa nytta slik:

a.

dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium for seinare lesing, lyding, framsyning eller overføring

b.

Arkiv: dokument som vert til som lekk i ei verksemd.

c.

Statleg arkiv: arkiv skapt av statleg organ.

d.

Kommunalt arkiv: arkiv skapt av fylkeskommunalt eller kommunalt organ.

e.

Offentleg arkiv: statleg eller kommunalt arkiv.

f.

Privat arkiv: arkiv som ikkje er offentleg arkiv.

g.

Offentleg organ: statleg, fylkeskommunal eller kommunal institusjon eller eining.

0

Endra med lov 15 des 2000 nr. 98 (ikr. 1 apr 2001 iflg. res. 2 mars 2001 nr. 179).

Lenke til loven i sin helhet: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-12-04-126#KAPITTEL_3  

Laster...